Utklypp frå søkesida til Nasjonalbiblioteket

Ikkje gama å få denne meldinga når du sit heime – kom til biblioteket så løyser me det!

Mange har oppdaga at dei kan nytta Nasjonalbiblioteket si bokhylle, full av skanna bøker, hefte og aviser heimanfrå. Kan hende har nokon vorte skuffa når dei ser at ein del ikkje kan opnas frå sofakroken, men at den avisa er merka  med «tilgang i norske bibliotek» eller «Kan bare åpnes i Nasjonalbibliotekets lokaler».

No treng du ikkje reise lengre enn til biblioteket på Bygland eller Byglandsfjord for å kunne lese dei avisene eller trykte sakene du treng eit norsk bibliotek til. Mange av avisene kan og hentas ned så du kan lese meir heime med kaffikoppen.

Ta med ein minnepinne så kan me hjelpa deg vidare!