Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese.

Du kan søkje på Valle folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån).

Du kan også søkje i Agder Samsøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.

Bøker lånt på Valle folkebibliotek kan leverast kvar som helst i Noreg. Vi returnerer bøker du har lånt på andre bibliotek.

E-bøker kan du få lånt gjennom bokbasen vår og E-lån Agder.

Digitale basar: Tilbod i Aust-Agder for bibliotekbrukarar som sit heime på eigne datamaskiner. Dette gjeld Atekst (få brukarnamn og passord frå bibliotek i Aust-Agder) og Ecyclopedia Britannica (nasjonalt lånekort frå bibliotek i Aust-Agder, N + 9 siffer). På biblioteket får du og tilgang til Idunn og Ordnett.

Vi tilbyr nybyrjarhjelp i data.
Båe biblioteklokala har ei datamaskin til gratis bruk for alle.

Vi har SETESDØLEN.