Vi får besøk av Erika Fatland, ein norsk forfatter og
sosialantropolog.

Ho kjem med ei eineståande reiseskildring frå ei verd nesten
ingen nordmenn kjenner. Dei tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan vart sjølvstendige da Sovjetunionen braut saman i
1991. Korleis har landa utvikla seg sidan? Kva er deira framtid med nyvunne olje- og gassressursar og med Putins Russland som igjen tenkjer ekspansivt?

Erika Fatland skildrar landas nære og fjerne historie, deira kultur og samfunn. Framfor alt byr
ho på gripande menneskemøte og innsikt i korleis sovjetarva har prega landa.

Forfattaren kom i 2014 med boka Sovjetistan, og kjem hausten 2017 til å gje ut boka Grensa. Foredraget vil også handle om desse to bøkene.