SPRÅKKAFÉ!
På biblioteket på Hovden startar Språkkafé frå hausten av. Første treff vert tysdag 28.august kl. 18-19.30, og frametter ca. ein gong per månad (18/9, 30/10, 20/11).

Språkkafeen er eit tilbod til alle som treng å trene på å snakke norsk.

Språkkafeen er drifta av frivillige, biblioteket er samarbeidspartner. Det er Merete Trollsås Egeland som er initiativtakar. For å kunne arrangere språkkafé trengs språkvertar. Dette er enkelt og morosamt, og det einaste som krevjast er at du snakkar norsk.

Meld deg til Merete viss du kunne tenkje deg dette eller om du har spørsmål. Telefon 996 31 595 / merete_egeland@hotmail.com